

Karoline Thyri er fotograf og visuell forteljar, med eit blikk forma av natur, landskap og sans for detaljar.
Ho har alltid sett nøye etter.
Stått litt att medan andre har gått vidare.
Ikkje alltid fordi ho var sein, men fordi noko bad om å bli lagt merke til — eit lys, ein form, ei stemning.
Karoline vaks opp på gard, med fjell på alle kantar og ei kjensle av rom og fridom som har følgt ho sidan. På sauesanking i bratt terreng, i slåttebakkane heime på garden og på lange turar i fjellet, lærte ho å vere til stades i landskapet. Ho las terrenget, lyset og vêret — og fekk tidleg eit blikk for det mange går forbi. Ho hugsar korleis ho som barn kunne stoppe opp i friminuttet og sjå på fjella rundt skulen, undrande over at noko så stort og nært kunne bli tatt for gitt.
Samtidig fann ho tidleg vegen til kreative uttrykk. Gitar, måleri, form — og etter kvart fotografi og film. Det eine har alltid nært det andre. Fotografia hennar handlar ikkje berre om stadar, men om nærvær: korleis lyset fell, kva som trer fram når tempoet er lågare, og kva som finst i overgangane.
Ho har reist ein del og vore ute i verda. Nokre av fotografia hennar er frå andre land, andre landskap, andre rytmar. Men blikket er det same. Anten ho står i eit framandt byrom eller i ein kjend fjellside, søkjer ho etter det som ikkje ropar høgst — det lågmælte, det menneskelege og det som gir rom for eigne tolkingar. Reisene har utvida perspektivet hennar, men òg forankra ho sterkare i det nære.
I 2025 starta Karoline Thyri Ljosblikk — eit kreativt prosjekt og fotografisk univers i utvikling. Ljosblikk rommar hennar eigne kunstnarlege prosjekt, visuell forteljing og formidling, og utforskar forholdet mellom lys, landskap og nærvær.
Galleri Hellandbui på Gamle Lærdalsøyri er utstillingsrommet Karoline nyttar i dag. Her syner ho fram eigne Fine Art-fotografi, og gjev òg rom for kunstnarlege uttrykk frå andre kunstnarar som høyrer naturleg heime i Ljosblikk-universet, mellom anna abstrakt måleri.
Hellandbui er eit rom for lys, ro og refleksjon, og eit lystpunkt året rundt — også når sola gøymer seg bak fjella.
Med bakgrunn frå ein master i film- og videoproduksjon og ein bachelor i digital medieproduksjon, samt fordjuping i dokumentarfotografi og fotojournalistikk under utveksling i USA, arbeider Karoline Thyri i skjeringspunktet mellom dokumentar, kunst og visuell forteljing.
—
Karoline Thyri
Fotograf og visuell forteljar
Fødd 1991. Basert i Lærdal.
Om fotografen og Ljosblikk-universet
FAQ
Kva er Ljosblikk?
Ljosblikk er eit kreativt univers for Fine Art-fotografi, galleri og visuell formidling – starta av Karoline Thyri i 2025.
Sender de internasjonalt?
Me arbeider med å tilby internasjonal frakt. Ta kontakt for førespurnadar.
Kvar finn eg galleriet?
Galleri Hellandbui ligg i Øyragata 22 på Gamle Lærdalsøyri i Lærdal.
Kva er returpolitikken?
Me tek imot retur innan 30 dagar. Ta kontakt for meir informasjon.
Kan ein kjøpe kunst på nett?
Ja. I nettbutikken finn du Fine Art-print, kunstkort og måleri. Ta kontakt for meir informasjon om frakt og format.

Contact
Get in touch with us.
Kontakt
Følg Ljosblikk her
Besøksadresse
Galleri Hellandbui
karoline@ljosblikk.com
Øyragata 22
© 2025. All rights reserved.
6887 Lærdal
LAURDAG 13.00-15.00
SØNDAG 13.00-15.00
Opningstider
(og ved avtale)
